Utskriftsvennlig versjon

Bruk og oppdatering av arkivplan

Arkivplanen skal nyttast som eit arbeidsreiskap av alle tilsette i Samnanger kommune. Målet er at alle som handterer dokument som vert til som ledd i den verksemd som kommunen driv, skal kunna finna informasjon om kva retningslinjer som må følgjast, og kva løysingar kommunen har på arkivområdet.

Arkivplan vert oppdatert jamleg. Det vert sendt ut melding til partane straks ein revisjon/korrigering er utført.

Alle brukarar har ansvar for å gje tilbakemelding på den informasjonen som er i arkivplanen. Om registrerte opplysningar ikkje er korrekte eller endringar er gjort, skal arkivleiar kontaktast. https://www.samnanger.kommune.no/kontakt-oss/ Kommunen sin arkivleiar, vil ha det daglege ansvar for å følgja opp arkivplanen sine reglar i høve til alle verksemder i kommunen.

 
Laster...