Hopp til hovedinnhold (trykk enter)
Arkivplan.no
Printer-ikon Utskriftsvennlig versjon

1.1.3.1 Politisk organisering

Politisk organisering

Kommunestyret er kommunen sitt øvste organ med overordna ansvar for heile kommunen si verksemd. Kommunestyret gjer vedtak på kommunen sine vegner så langt ikkje noko anna følgjer av lov eller vedtak om delegeringa av mynde til formannskapet, naturutvalet, anna politisk organ eller rådmannen. kommunestyret vert leia av ordføraren, med varaordføraart som stedfortredar. kommunestyret i Samnanger kommune har 21 representantar.

Ni av representantane i kommunestyret sit i tillegg i formannskapet. Formannskapet fører mellom anna tilsyn med kommuneforvaltninga og førebur saker til kommunestyret. Formannskapet avgjer og gjer vedtak i ei rekkje saker på eiga hand. I Samnanger kommunen fungerer formannskapet i tillegg som valstyre og handsamar saker knytt til sektor for oppvekst som tidlegare vart handsama av utval for oppvekst og omsorg.

Samnanger kommune har også eit hovudutval, Naturutvalet, som handsamar saker relatert til plan, landbruk og tekniske tenester. Naturutvalet handsamar og gjer vedtak eller gjer innstilling til kommunestyret i saker som mellom anna gjeld plan, vatn, avløp, renovasjon, eigedom, landbruk og miljøvern.

Samnanger kommune har i tillegg ei rekkje andre råd, nemnder og utval som gjev råd og fattar vedtak innanfor dei områda dei har fått delegert mynde.

Sjå politisk organisasjonskart på heimesida til Samnanger kommune;

https://www.samnanger.kommune.no/lokaldemokrati/politisk-organisering/

Laster...